Program - BMW MC-treffet

Publisert av Gunnar Langfjord den 30.07.24.
Bmw Fjordlaget ønskjer deg velkomen til årets Bmw-treff på Innvik Fjordcamp!

På campingplassen er det stor kro med inne- og uteservering av mat og øl/vin. Frukost kan
kjøpast frå kl. 0900-1100 fredag og søndag og kl. 0900-1200 laurdag. Ellers er kroa opa med mat
frå meny.

Nedanfor campingplassen er det fin svabergstrand for dei som vil friske seg med ein dukkert i
fjorden!

Når du kjem på treffet, sjekkar du inn i resepsjonen på campingen. Deretter registrerer du deg
hjå Fjordlaget, som held til ved bygget rett etter resepsjonen.

Fredag:
-fellestur ved Pål Dahl til Oldedalen, start kl. 1300. Pål tek dåkke med til gardsutsalet/kafeen på
Åbrekk gard og vidare til Briksdalsbreen.
-garasjebesøk og grustur kl 1315. Garasjebesøk med fokus på Bmw, Nsu og Zundapp frå siste
krig. Deretter grustur til Innvikdalen for dei som ønskjer det. Pluss ein smak av ferske bringebær
frå Innvik.

Laurdag:
-årsmøte Bmw-klubben Norge, på kroa kl. 1000. Ta med deg eigen stol.
-fellestur ved Gunnar Reiakvam til Nordfjordeid, via Panoramavegen, kl. 1200. På Nordfjordeid
viser Gunnar veg til Sagastad Vikingsenter som huser noregs største vikingskip, Myklebustskipet.
- garasjebesøk og grustur kl 1215. Garasjebesøk med fokus på Bmw, Nsu og Zundapp frå siste
krig. Deretter grustur til Innvikdalen for dei som ønskjer det. Pluss ein smak av ferske bringebær
frå Innvik.