Temamøte, mannehelse
Over halvparten av våre medlemmar er over 60 år – og flest menn. Mange menn får problem med prostata og urinlekkasje i den aldersgruppa. Over tid er det observert - i vårt MC-miljø:
- at folk ikkje vil væra med på tur, for øktene blir for lange - må ha pissepause ofte
- at folk bryt ut av fylgjet for å oppsøka eit toalett - og blir borte
- at folk ikkje tør drikka i frykt for å bli pissetrengt - med fare for å bli ukonsentrert
I november er den internasjonale kampanjen Movember. Movember er ein frivillig organisasjon som tek for seg mannehelse, og kjent for å oppmoda menn å gro bart i november.
Så då kan det passa å ha ein temamøte torsdag 26. november kl. 18:00 på Bergen inkluderingssenter, rom U01.
Me får besøk av urolog Ekaterina Irgens, som arbeidar spesielt med mannehelse. Ho vil koma med fakta om sjukdommar og endringar i mannekroppen ved aldring, kva livsstilendringar ein kan gjera og når ein skal oppsøkja helsevesenet for å få hjelp.
Adresse til inkluderingssenteret: Landåssvingen 15, 5096 Bergen.
Det er ein liten MC-parkering ved hovudinngang A. Både på oppsida og nedsida er det parkeringsplassar, men ofte fulle. Kanskje finn du ledig plass, mot avgift, i Vognstølen? Buss nummer 12 stoppar rett ved senteret (stopp Vognstølen). Alternativt stoppar buss nummer 5, 6, 16E og 20 i Hagerups vei.
Styret ynskjer å testa ut påmeldingsmodulen i Gnist. Fint om folk melder på der før tirsdag 24. november. For dei som ikkje har teke i bruk Gnist, går det an å senda e-post til bmwmcvest@gmail.com.
Velkomen – og møt gjerne opp med bart!